page view image

Åsanekveld 2022

Arrangementsinformasjon
event image

Linda Eide og Sjur Hjeltnes blir årets gjesteartistar på Åsanekvelden. Under parolen ”Språk

er sjov!”, gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og

herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggjeleg og eksamensfri

atmosfære! Pianist Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Denne kvelden viser vi elles fram noko av det rike mangfaldet i bydelens kulturliv, frå unge

talent til meir erfarne kulturaktørar. I år medverkar Wenches Glade Trubadurer, Li skolekorps og

dei to unge talenta Emilie Wilkensen Lygre med sang og Rakel Holter på kornett. 

Åsane-songen «Mitt Vakre Åsane» vert framført av Cato Jensen.  

Det blir utdeling av Senioruniversitetet i Åsane sin ungdomspris, og Åsane Historielag

deler ut årets kulturvernpris.

Pris: kr 200 + avgift. Førehandssal hos TicketCo.no

Det er og mogeleg å kjøpe billettar hos Kunderservice til Åsane Storsenter i A-bygget, inngang ved Kiwi. Må betalast med Vipps.

Arr.: Åsane Historielag, Åsane Ungdomslag og Åsane Kulturråd

Eit eventuelt overskot frå kvelden går til arbeidet med å setje i stand Almåsgardane.

Arrangementet er støttet av Bergen Kommune og Åsane Kulturråd